søndag 25. april 2010

Videoproduksjon som tverrfagleg arbeidsmåte, TPO

Å kunne produsere ein video handlar om å kunne bruke levende bilete og lyd for å formidle ein bodskap. Verkemiddel som vert tatt i bruk har også stor relevans til norskfaget med tanke på anslag, presentasjon av ei historie, vendepunkt, klimaks og avtoning.
I skulen fins det elevar med lese og skrivevanskar der arbeid innan desse områda kan vere veldig krevande for mange.

Kunnskapsløftet (LK06) og opplæringslova seier at alle elevar har rett på tilpassa opplæring. Sidan bruk av digitale verktøy vert meir og meir aktuelt å nytte i skulen kan videoproduksjon vere ein god måte å drive tilpassa opplæring på, samtidig som elevane får varierte arbeidsformer som skapar inspirasjon og kreativitet. Sidan videoproduksjon inneheld bruk av fleire ferdigheiter kan elevane få velge å jobbe med det området dei beherskar best.
Om ein kan legge til rette for tverrfagleg arbeid eller anna samarbeid mellom faga gjev dette elevane større fridom til å utfalde seg og gi meir effektiv læring.

Når ein elev arbeider med video teknisk, foregår det samtidig ein anna prosess. Uten at eleven eigentleg tenkjer over det kan han reflektere over det faglege og korleis ein presenterer fagleg kunnskap gjennom video.

Eg trur at arbeid med video i skulen desverre ikkje blir gjort i god nok grad. Kompetanse, ferdigheiter og ressursar er noko som lærarane manglar når dei kan nytte denne arbeidsforma. Sidan eg sjølv snart skal ut i skulen og jobbe med fleire fag, mellom anna norsk, ser eg fram til å utforske denne arbeidsforma med elevane. Eg trur mange lærarar tenkjer meir/mindre arbeid mtp. tilpassa opplæring istaden for å tenkje arbeidsmåte. Videoproduksjon vil for mange vere ein god måte å oppnå kompetansemål på og gi inspirasjon for refleksjon og læring.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar