mandag 5. april 2010

Læring og kultur

Undom sin mediebruk aukar spesielt med tanke på bruk av internett. Det vert brukt meir tid på internett og sosiale media tilgjengelig på internett. YouTube (http://www.youtube.com/) er ein tjeneste som blir nytta ofte av barn og unge.
Vygotsky peikar på i sin speglingsteori at barn lærer av kvarandre (more competent peers). Dette gjeld også påverknad frå internett som sosiale nettstadar som facebook, nettby eller tidligare nevnt youtube. Å kunne bruke slike sosiale nettstader har blitt ein viktig del i elevane sin kultur og ein måte å lære på, eller interaksjon gjennom digitale medier. Ungdom sin mediebruk handlar om å finne sin identitet, og som Kristin Halvorsen uttrykker gjennom denne artikkelen (http://www.aftenposten.no/nyheter/article3505925.ece) påpeikar ho at det er ei barriere mellom det ungdom oppfattar som skulekultur og fritidskultur. Grensene mellom desse to kulturane kan bli meir samansmelta om ein tek i bruk elevane sin fritidskultur i undervisninga, da med tanke på sosiale media. Elevane sin forventning til skulen er at dei skal lære noko nyttig, noko som dei får bruk for seinare i livet. I dagens digitaliserte samfunn kan det vere at skulen skal lære opp barn til jobbar som enda ikkje eksisterar, men som gradvis vil utgjere ein viktig del av samfunnet. Dette kan vere eit argument for at skulen ikkje bør holde tilbake på utviklinga og skape eit spenningsforhold mellom kulturar, men heller åpne for eit fellesskap for læring.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar