søndag 25. april 2010

Avisproduksjon i skulen

Lese og skriveopplæring er grunnleggjande ferdigheiter som elevane skal lære i skulen. Slik opplæring er oftast knytt til læreboka.

For å trekkje dette inn i den femte grunnleggjande ferdigheit, å kunne bruke digitale verktøy, trur eg avisproduksjon kan vere ein ny måte å drive tilpassa opplæring på.
Om skulen har ei eiga PedIT side kan denne nyttast, td. ei klasseside, med artiklar og bilete frå aktivitetar eller nyheiter frå lokalmiljøet eller skulen. Sidan slik arbeid ofte er krevjande for individuelt arbeid, kan ein også kombinere avisproduksjon med prosjektarbeid. Slik vil gruppa kunne arbeide med sjangeren nyheitsartikkel/feature og jobbe ilag der prosessen fram mot eit ferdig produkt er tatt med i vurderinga.

I slikt arbeid må elevane også ta andre hensyn med tanke på opphavsrett mm.
Dette bør elevane få innføring i før eller undervegs i arbeidet.

Øvingsoppgåve avisproduksjon

Eg skal no ta for meg ein nyheitsartiklar og ein featureartiklar og vise forskjellen på desse.

Døme fornyheitsartikkel er:
"Aske truer flytrafikken i morgen"
http://www.dagbladet.no/2010/04/25/nyheter/innenriks/aske/flytrafikk/11442433/

Døme på featurearikkel er:
"Digital TV"
http://www.dinside.no/840903/tv-20-og-tv-30-hva-er-det


Den største forskjellen på desse artiklane er at den eine artikkelen (nyheitsartikkelen) omhandlar noko nytt som har skjedd eller kjem til å skje innan veldig kort tid. Det som kjem fram i nyheitsartikkelen får også konsekvensar for mange. Nyheitsartikkelen har som mål å informere flest mulig om denne nyheiten.

Artikkelen "Digital TV" bær preg over at journalisten er tilstades der det skjer. Informasjonen som vert presentert her viser god forankring i fleire kjelder ang. priser for TV. Artikkelen er også skrive med ein personleg vri slik at den vert interessant å lese.

Dette er nokre av kjenneteikna til ein nyheitsartikkel og ein featureartikkel og viser tydeleg forskjellen mellom dei.

Videoproduksjon som tverrfagleg arbeidsmåte, TPO

Å kunne produsere ein video handlar om å kunne bruke levende bilete og lyd for å formidle ein bodskap. Verkemiddel som vert tatt i bruk har også stor relevans til norskfaget med tanke på anslag, presentasjon av ei historie, vendepunkt, klimaks og avtoning.
I skulen fins det elevar med lese og skrivevanskar der arbeid innan desse områda kan vere veldig krevande for mange.

Kunnskapsløftet (LK06) og opplæringslova seier at alle elevar har rett på tilpassa opplæring. Sidan bruk av digitale verktøy vert meir og meir aktuelt å nytte i skulen kan videoproduksjon vere ein god måte å drive tilpassa opplæring på, samtidig som elevane får varierte arbeidsformer som skapar inspirasjon og kreativitet. Sidan videoproduksjon inneheld bruk av fleire ferdigheiter kan elevane få velge å jobbe med det området dei beherskar best.
Om ein kan legge til rette for tverrfagleg arbeid eller anna samarbeid mellom faga gjev dette elevane større fridom til å utfalde seg og gi meir effektiv læring.

Når ein elev arbeider med video teknisk, foregår det samtidig ein anna prosess. Uten at eleven eigentleg tenkjer over det kan han reflektere over det faglege og korleis ein presenterer fagleg kunnskap gjennom video.

Eg trur at arbeid med video i skulen desverre ikkje blir gjort i god nok grad. Kompetanse, ferdigheiter og ressursar er noko som lærarane manglar når dei kan nytte denne arbeidsforma. Sidan eg sjølv snart skal ut i skulen og jobbe med fleire fag, mellom anna norsk, ser eg fram til å utforske denne arbeidsforma med elevane. Eg trur mange lærarar tenkjer meir/mindre arbeid mtp. tilpassa opplæring istaden for å tenkje arbeidsmåte. Videoproduksjon vil for mange vere ein god måte å oppnå kompetansemål på og gi inspirasjon for refleksjon og læring.

mandag 5. april 2010

Filmskaping

I denne øvingsoppgåva har vi laga ein liten film der vi nyttar ulike utsnitt.
Vi nytta storyboard i produksjonen og resultatet vart seinare publisert på youtube.

Design, eit oppskrytt element?

Eit fristande design er nøkkelen for ei vellykka nettside?
Eg skal no sjå litt på ei bestemt nettside og seie mi meining om designet til sida.

Den utvalgte sida er ein klassiker;

Http://www.arngren.net/

Hovudområde eg skal sjå på:
Struktur
Fargeval og skrift
Innhald
Navigering


Sida sin struktur er lett forklart som kaos. Menyane på sida har ikkje ein fast struktur, der det finst fleire menyar rundt om (tilfeldig?) på sida. Elementa på sida er også usymmetrisk. Produktbeskrivelsane ligg også tilfeldig slik at ein ikkje klarer å skilje kva som høyrer til kva. Breidda og høgda på sida er heller ikkje tilpassa ein normal pc-skjerm.

Fargane og skrifta som er brukt er også lett forklart som kaos. Fargen på menyane er varierande og skriftstørrelsen er varierande og heller ikkje symmetrisk.

Innhaldet på sida er heller ikkje lett å hente ut med første augekast, men etter litt konsentrasjon er dette mogleg. Dette gjeld også for undersidene. Dette kan sjåast f.eks. på luft-jekk sida (http://www.arngren.net/luft-jekk.html).

Når ein trykker på ein link eller eit produkt kjem ein til ei side som ikkje nyttar frames eller over/sidemenyar, slik at det kan vere vanskeleg å navigere tilbake utan å nytte tilbakeknappen i nettlesaren.

Tilpassa opplæring med IKT

I opplæringslova står det at alle elevane har rett til å få tilpassa undervisning ut frå deira føresetnader. IKT kan her vere ein ressurs som dei fleste lærarar kan nytte for å oppnå dette og gjere læring meir interessant for elevane. Alle elevar lærar forskjellig, nokon gjennom forelesing, lesing, skriving, auditive eller visuelle hjelpemiddel. Bruk av IKT kan bidra til at læring ved hjelp av arbeidsmåtar som dette kan bli effektiv og ikkje minst kjekk for elevane. I musikkfaget utgjer komponering eit hovudområde. Her kan IKT nyttast og tilpassast slik at dei elevane som ikkje er flinke i musisering kan komponere ved hjelp av digitale verktøy der musikalske føresetnader ikkje er ei hindring for dei svakaste.
Ein god grunn for bruk av IKT er nettopp at ein vil kunne gi støtte innen fleire områder og nytte fleire arbeidsmåtar i alle fag.

Tankekart - Mindomo

Alle elevar lærar forskjellig. Nokon elevar tek til seg alt som vert sagt, mens andre lærer gjennom andre måtar som visuelle, auditive eller taktile arbeidsformer.
Bruk av tankekart er ein måte å styrke det visuelle i læringssamanheng.
Mindomo er ein tjeneste som enkelt kan hjelpe både lærar og elevar i å oversiktleg lage tankekart, vise relevans mellom ulike tankekart, vise direkte til nettstader ved bruk av lenker og visualisering med bilete.
Eg har laga eit eksempel på eit slik tankekart som er tilgjenegelig gjennom denne lenkja:

http://www.mindomo.com/edit.htm?m=189cbf2d5d4d43c8885b0a6364ccccfb


Om ein nyttar slike digitale tankekart er det enkelt å endre innhaldet, og elevane kan nytte tankekartet som «støttande stillas» jfr. Vygotsky sin sosiokulturelle læringsteori.