fredag 18. september 2009

Bruk av Google-dokumenter

Hei.
Her kjem nokre tankar om bruk av Google-dokumenter for lagring og deling av filer.

Lagring av filer har tidlegare vore avhengig av at lagringa skjer anten på ei lokal datamaskin eller på ein lokal filserver. Denne måten å lagre filer på er god, men har likevel sine negative sider. For å enkelt få tilgang til desse filene må ein ha tilgang til ei datamaskin eller ei datamaskin som er i samme nettverk filserveren.

I DKL-studet er det lagt vekt på bruk av Google-dokumenter for å gjere lagring og deling enklare. Om ein brukar tekstvertøyet i Google-dokumenter, blir det ein skriv automatisk lagra med historikk. Sidan lagringa av teksten skjer opp mot internett (eller ein "cloud"), får ein tilgang til dokumentet til ei kvar tid og sikkerhetskopiering er heller ikkje nødvendig.

Eg synast at denne måten å arbeide med tekst på er veldig spennande, sidan deling og lagring av tekst blir mykje enklare. I gruppearbeid slepp deltakarane i gruppa å sende forskjellige dokument til kvarandre, og kan heller samarbeide om eit felles dokument. I tillegg til at deling blir enklare slepp eg også tanken om at eg heile tida må passe på å trykke på lagringsknappen for å forsikre meg om at dokumentet vert lagra. Om eg skal arbeide med noko på forskjellige maskiner treng eg ikkje sende e-post til meg sjølv med vedlegg eller kopiere og overføre dokument frå ein minnepinne og over til datamaskina.

Eg ser fram til å kunne nytte dette verktøyet til både gruppearbeid og individuelt arbeid.


God helg!