onsdag 3. februar 2010

Lydproduksjon som pedagogisk verktøy

Lydproduksjon er ein fin måte å jobbe med media i skulen. Podcasting er ein måte å gjere dette på.
Eg har laga eit eksempel på ein radiokanal (podcast) ved hjelp av Gabcast. Å publisere eigenkomponert materiale er ein måte elevane kan jobbe med digitale medier i skulen.


Her er eksempelet:

Gabcast! Tronds testkanal #1 - Trond går på DKL ftw

Tronds DKL kanal

Musikk som språk, komponering

Eit av hovudmåla i musikkfaget er at elevane skal få moglegheita til å eksperimentere med lyd gjennom komposisjon. Elevane skal mellom anna få prøve enkel lydredigering og kjenne til korleis dette fungerar.

Det fins to måtar å arbeide med digital musikkredigering i undervisninga. Den eine er arbeid på sjølve PCen gjennom eit program (internt), eller gjennom ein nettbasert tjeneste/program (eksternt).

Eg vil kommentere nettjenesten "Myna", som opnar for lydredigering, samansetjing av loops og komponering i nettlesaren.
Eg er sjølv musikklærer og har tidligare nytta eit vanlig lydprogram for komponeringsbiten i musikkfaget. Elevane kan ikkje delta samtidig om dette ikkje er installert på fleire datamaskiner. Sidan Myna er eit alternativ på internett har eg sett på kva ein kan bruke dette programmet til. Elevane treng bare grunnleggende verktøy i arbeidet og det ser ut til at programmet oppfyller dette kriteriet. Programmet opnar seg direkte i nettlesaren (etter registrering). Lydverktøyet kan arrangere loops, ta opp lyd, bruke dynamikk, legge til lydeffektar (klang), og panorere (stereoeffekt). Dette er grunnleggende område som eg ser dekker behova for elevar i grunnskulen.
Eg trur dette verktøyet kan hjelpe til å oppfylle ein god del av kompetansemåla under komponering i musikkfaget, både med produksjon, bearbeiding til presentasjon. Mange musikklærarar vil kunne tilføre noko meir om dei nyttar dette verktøyet målretta undervisninga.



Link til sida: http://aviary.com/