mandag 5. april 2010

Google nettstad

Eg har forsøkt å lage ein Google nettstad for bruk i undervisning som verktøy for arbeid med pedagogisk tekst.

Sida kan du finne her:

http://sites.google.com/site/trondhavnsund/

Eg har tatt utgangspunkt i ein mal for å bygge opp sida, og har ut frå dette prøvd ut litt forskjellige funksjonar og verktøy som sida har å by på.

Sida er ikkje redigert mykje frå den opprinnelege malen, men funksjonane er utprøvd.
Mitt inntrykk frå desse sidene er at det er veldig enkelt å lage ein nettstad for bruk i undervisning. Sida tilbyr også RSS-feed slik at ein kan abonnere og få beskjed når det skjer ei endring eller ein ny artikkel vert publisert. Dette gjer at Google nettstad egnar seg godt til prosjektarbeid i skulen, der læraren eller elevane kan opprette ein nettstad og nyheiter og oppgåver blir publisert gjennom denne nettstaden.
Dette kan også nyttast til å oppnå eit nærmare band mellom skulekulturen og elevane sin fritidskultur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar