lørdag 7. november 2009

Rekneark som verktøy

Å kunne beherske rekneark er ein viktig ferdigheit i skulen. Dette verktøyet er spesielt knytta til matematikkfaget der elevane skal framstille data i tabellar og seinare lage diagram. Reknearket er bygd opp slik at ein kan sette inn formlar som gjer at cellene blir avhengig av kvarandre. Det er er moglegheitene ligg for å kunne bruke rekneark også i andre fag. Ein kan til dømes lage enkle prøver eller testar som elevane kan svare på ved at læraren stiller eit spørsmål i ei celle, og elevane svarar i ei anna celle. Ved hjelp av formlar kan reknearket kontrollere om svaret er rett. På denne måten trur eg også det vil vere nyttig å bruke rekneark i t.d. engelsk og norsk, der elevane kan svare på spørsmål. Spørsmåla blir umiddelbart retta slik at elevane får sjå resultatet. Det som er utfordringa er læraren sin kompetanse i bruk av rekneark og tilpassing i faget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar