torsdag 19. november 2009

Godt læringsmiljø med IKT

Når eleven skal nytte digitale verktøy er det viktig at eleven er komfortabel med plattformen som vert brukt. Maskinvare, programvare, infrastruktur. Sidan det er mykje teknisk å forholde seg til for å i det heile tatt kunne gjennomføre arbeidet på ei datamaskin, er det viktig at elevane har ein felles plattform for læring. Google-dokumenter er eit alternativ der elevane kan nytte grunnleggjande tekstverktøy, rekneark mm. Samtidig vert det enklare å kunne ta med seg arbeidet heim for vidare arbeid eller heimearbeid. På denne måten får eleven ei ramme å halde seg innanfor. Eg trur at det er viktig for elevane å ha den same plattformen og verktøya å forholde seg til på skulen og heime i barneskulen. At elevane kjenner seg igjen og er trygg er ein viktig føresetnad for læring.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar