torsdag 19. november 2009

Kommunikasjon gjennom LMS

Å bruke digitale verktøy er ein viktig del av elevane sin kvardag. I arbeidet med IKT kan skulen nytte digitale læringsstøttesystem (LMS). Nokre skular har valt å satse spesielt på arbeid og kommunikasjon gjennom PedIT. Her publiserer lærarane vekeplanar, bilete eller nyheiter frå skulen. På denne måten får elevane tilgang til informasjon gjennom PedIT slik at dei kan jobbe med oppgåver heime. Foreldre har også lett tilgang til informasjon og kommunikasjonen mellom skule og heim vert betre. Dette er nokre av fordelane med å nytte denne typen LMS. Google-dokumenter er også ein måte å la elevane jobbe innan eit felles «område» slik at dei har det same å forholde seg til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar