torsdag 19. november 2009

Arbeid med lyd i skulen

Arbeid med lyd er ein sentral del av musikkundervisninga.

«Eleven skal kunne bruke digitalt opptaksutstyr og musikkprogram til å manipulere lyd og sette sammen egne komposisjoner» (LK06).

Dette kompetansemålet legg vekt på lydredigering ved hjelp av digitale verktøy og arbeid med musikk digitalt.

Kunnskap rundt lyd er eit kompetansemål innan musikkfaget. At elevane beherskar bruk av eit lydredigeringsprogram er viktig for å kunne løyse oppgåver knytta til dette kompetansemålet. Lydprogrammet Audacity er eit gratis alternativ som gjev moglegheiter for enkel lydredigering med mellom anna opptaksfunksjon, fade-in, fade-out og støyreduksjonsverktøy. Først skal elevane ta opp lydar, for å deretter sample eller mikse dei til eit ferdig produkt. Sidan dette er eit kompetansemål krev det også at læraren har god nok kunnskap om digital lydbehandling. Audacity er eit godt alternativ som er tilgjengeleg gratis for alle. Ved hjelp av dette programmet får alle moglegheit til å eksperimentere med lyd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar