torsdag 19. november 2009

Publisering og etikk

Ved publisering av materiale på internett må elevane ta hensyn til kva dei publiserar. I nettsamfunna vi har i dag, som t.d. Facebook, Nettby ol. blir det stadig viktigare å vite kva ein har lov til å publisere eller ikkje. I mange tilfeller kan det også vere snakk om etikk der ein stiller seg spørsmålet om ein virkeleg bør publisere dette. I skulesamanheng er dette spesielt viktig. Om det skal publiserast bilete på PedIT, treng læraren tillatelse frå foreldra for å publisere bilete av elevane. Om det er elevar som legg ut informasjon gjennom PedIT er det viktig at dei veit kva den kan eller ikkje kan publisere. Elevane bør også vite om det dei publiserer er lovleg å publisere mtp. opphavsrett.
I prosessen med å lære elevane dette er «nettvett» og etikk viktige stikkord.
Ved publisering av lyd er det også viktig å vite kva lyd som er opphavsrett på. Viss det i tilfellet er opphavsrett på lyden kan ein evt. spør om tillatelse om å få publisere lyden.
Dette gjeld også for publisering av bilete og tekst ol.

Eg trur at i arbeidet rundt dette temaet treng elevane spesielt rettleiing innan nettvett slik at dei kan reflektere rundt kva dei kan publisere noko og om dei burde publisere det. Læraren er med på å forme elevane og det er viktig at elevane får opplæring i dette, både i skulesamanheng, men også i samfunnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar