fredag 15. januar 2010

Nettsamfunn i pedagogisk lys

Eg vil presentere 3 ulike nettsamfunn:

Del og bruk har som føremål å gjere det enklare å dele kunnskap mellom t.d. lærarar.
Facebook siktar seg meir inn på det sosiale, sosiale nettverk og deling av bilete.
Youtube er meir begrensa til deling av video og diskusjon og kommentarar rundt desse.


Felles for desse er at dei gjer det enkelt å dele informasjon. Det skal ikkje mykje til for å kunne opprette seg ein profil og dele musikk, video, bilete eller tekst med andre medlemmar av nettsamfunnet. Elevar kan i nokre tilfelle bruke ein av desse ressursane for å publisere materiale i skulesamanheng, på same måte som publisering gjennom PedIT.

Slike nettsamfunn opnar for mange moglegheiter for deling av materiale og knytting av sosiale netterk. Slike moglegheiter medfører også nokre negative sider som ein må ta hensyn til. Om ein elev vel å publisere noko på desse netterka gjer han materialet offentleg tilgjengeleg. Det kan vere lett å tenke på desse samfunna som eit privat område som ein har for seg sjølv, men eit slikt forhold til desse tjenestene kan resultere i uønska eksponering. Anna misbruk kan også oppstå, mellom anna mobbing gjennom tekst, video eller bilete.

Som konklusjon på pedagogisk bruk av slike tjenester så er det viktig at læraren bruker denne typen nettsamfunn på riktig måte og har kontroll over korleis det blir brukt. Elevane treng opplæring i kva dei kan bruke det til og kvifor det er hensiktsmessig å bruke det. Om ein får til dette, gjev det læraren moglegheit til å bruke andre sosiale læringsarenaer og kan føre til betre digital danning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar