søndag 24. januar 2010

Øvingsoppgave for medieproduksjon, prosjekt

Eg vil no vise korleis ein kan legge opp eit prosjektarbeid innan medieproduksjon.

Som tema har eg tenkt produksjon av video (med lyd) for å fremme verkemiddel i media. Til dette tenker eg produksjon av video der ein nytter fleire effektar mm. for å få fram bodskapet på ein mest mulig effektiv måte. Elevane skal altså produsere eit mediaprodukt ved hjelp av video.

Problemstilling: «Korleis kan video brukast for å få fram eit skjult bodskap?»

Målet for oppgaven er at elevane skal bli bevisst og kritisk til bruk av denne forma for media. Mediedanning er her eit viktig stikkord. Produktet skal vere ein elevprodusert video der ein får fram korleis noko kan formidlast gjennom video. Kriterier for måloppnåing ser eg som:
Kjenne til video som mediauttrykk
Vite kva som skal til for å lage/produsere video
Ha tankar om kvifor video er ein effektiv form for formidling
Kunne bruke effektar, klipp & lim, dynamikk, lyd og musikk i video
Mestre grunnleggende digital videoredigering
Begrunne val innan produksjonen

Eg starta med å finne tema for oppgåva og deretter problemstilling ut fra tema. Ut fra temaet fann eg et emne som er aktuelt å jobbe med knytt til temaet, mtp. bodskap og verkemiddel. Vurderingskriterier er valt ut fra det eg meiner er relevante områder innan videoredigering og kunnskap til mediakulturen i samfunnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar