søndag 4. oktober 2009

Læringsressursar på internett

Læringsressursar som er tilgjengelig på internett vert ofte brukt for å inkludere den femte grunnleggande ferdigheit i undervisninga. Nokre vert bare brukt for å kunne fylle ut eit tomrom, medan andre kan gje godt fagleg utbytte.

Etter eiga erfaring er Multi ein aktuell ressurs for innlæring av matematikk ved bruk av datamaskin. Denne nettstaden er tilgjengeleg frå Gyldendal sine nettsider: http://www.gyldendal.no/multi/


Denne nettstaden vil gje eleven moglegheit for interaktivitet som ikkje lærebøkene klarar i same grad. Etter mi meining kan slike læringsressursar reknast gode om dei kan tilføre noko nytt og lærerikt for eleven. Om sida inneheld omtrent det same som ei vanleg reknebok på barnetrinnet, er nytta av denne ressursen meir avgrensa. Multi inneheld fleire typar interaktivitet og multimedialitet ved hjelp av bilete og at eleven sjølv får bestemme kva han/ho vil halde på med og korleis. Etter mi meining er dette ei god nettside som vil gje dei fleste fagleg utbytte.


Ein annan nettstad ein kan drøfte med tanke på utbytte er sidene til Tellus, tilgjengeleg frå:

http://www.lokus123.no/?marketplaceId=1892264&languageId=1&siteNodeId=8400887


Denne sida er meir basert på video og mindre på interaktivitet, noko som ikkje nødvendigvis vil vere negativt. Sidan Tellus er laga for ungdomsskuleelevar kan denne ressursen fungere som eit supplement til den vanlege arbeidsboka. Kor mykje som er verdt å hente frå desse sidene kan diskuterast, men video er ein alternativ læringsmetode og kan fungere bedre enn boka for enkelte.


Det siste eksempelet eg vil trekke fram er Flight, tilgjengeleg frå:

http://newflight.cappelendamm.no/


Desse sidene er prega av multimedialitet gjennom bilete og lyd. Lyd eller uttale er viktige element i engelsk på ungdomstrinnet og denne nettsida er etter mi meining veldig aktuell i undervisninga.


Eg meiner at skal ein nytte slike ressursar i undervisninga må ein stille seg kritisk til utbyttet. Nokon læreverk er betre enn andre, også på internett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar