fredag 2. oktober 2009

Digitale verktøy i musikkundervisning

Læreplanverket for Kunnskapsløftet legg vekt på bruken av digitale verktøy i alle fag. I dette ligg også bruken og tolkinga av media og korleis media påverkar born og unge si oppfatting av samfunnet. Bruken av digitale verktøy er også viktig for born si digitale danning og forståing for det moderne digitale samfunn.


Musikkfaget er aktuelt med tanke på formidling gjennom ulike medium. I den generelle delen til musikk i læreplanen vert ikkje digital kompetanse direkte tatt fram, men innanfor musikkforståing og musikken si rolle i samfunnet som medium er det mange parallellar mellom musikk og digitale hjelpemiddel. Bruken av digitale verktøy ligg som eit fundament for arbeid med musikk i skulen, anten gjennom komposisjon eller lytting der ein nyttar moderne teknikk for å formidle musikken.


Under kompetansemål etter 7. årstrinn er det mellom anna lagt vekt på:

«komponere og gjøre lydopptak ved hjelp av digitale verktøy» (LK06)


Utforsking med lyd i komposisjonsøvingar er sentralt for læreplanen i musikk.

Eg meinar at musikk har blitt meir digitalt retta med tanke på dagens måtar å lage og formidle musikk på. Om ein artist skal nå ut med musikken sin er media nødvendig for å lukkast. Gjennom reklame og formidling på tv, internett eller radio kan artisten nå målgruppa og på samme måte kan elevane få lære om dette. Elevane får også reflektere rundt dagens måte å bruke musikk på og lære desse metodane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar