søndag 4. oktober 2009

Er læraren flaskehalsen?

I NRK sin artikkel om arbeid med digitale verktøy i skulen, vert læraren karakterisert som flaskehalsen for inkludering av digitale verktøy i undervisninga (http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536).

I denne artikkelen vert det trekt fram at norske skular har gode IT-ressursar, men ingen til å utnytte dei. Det blir klaga over for lite bruk av datamaskiner i skulen, eit klassisk sitat frå ein betrevitande «dataforskar». Kunnskapsløftet legg vekt på den femte grunnleggande ferdigheit ved bruk av digitale verktøy, utan konkrete forslag til kva ein kan gjere for å tilretteleggje for dette. Kvart fag har kompetansemål som er viktig for at eleven skal kunne rekke over dei forskjellige emna i faga. Kva tid er det nyttig å bruke digitale verktøy er kanskje ei betre problemstilling?


«Elevene lærer mindre i fagene, og vi risikerer at en stor andel av elevene står uten basisferdigheter i data når de kommer på videregående. Disse elevene får en unødig tøff overgang til videregående, for der skal de bruke datamaskinen i oppgaveløsningen.» (Kløvstad 2009).

Grunnen til dette sitatet er klage på antall timar brukt framfor dataskjermen i grunnskulen samanlikna med vidaregåande skule. At elevane lærer mindre i faga er mest sannsynleg ikkje grunna mangel på bruken av digitale verktøy, sidan elevar i ei årrekke har klart å lære mesteparten av det dei skal lære gjennom eit skuleår utan desse verktøya. Kanskje grunnen til dette er andre ting enn PC-bruk? Å samanlikne bruken av datamaskin i barneskulen med vidaregåande skule er vel eigentleg ikkje grunnlag for å trekke nokon konklusjon sidan desse elevane har to heilt forskjellige føresetnader for læring.

Vidare vert det sagt at lærarane har for dårleg kompetanse, arbeidsmønster og har for usystematisk skuleleiing for å effektivt kunne inkludere IKT i skulen. Eg ser ikkje nokon grunn til at arbeidsmønster eller skuleleiing skal ha direkte påverknad på barn sin bruk av datamaskin på skulen. Dei fleste lærarar har som mål at eleven skal sitte igjen med kunnskap og at riktige arbeidsmåtar vert brukt for å oppnå eit godt resultat.

I undersøkinga kjem det fram at dei fleste ungdomsskuleelevar brukar 4 timar eller mindre i veka på PC. Er dette for lite? Kor mange timar brukar ungdomsskuleelevar på rekning i ei normal skuleveke sidan rekning er også ein grunnleggande ferdigheit?

Sjølv om læreplanen legg til rette for bruken av digitale verktøy må læraren kunne sjølv vurdere når dette er høveleg, og om kvar enkelt elev har betre utbytte frå denne arbeidsmåten enn andre. Bruken av digitale verktøy er eit hjelpemiddel som skal gje elevane ein ny veg til kunnskap, ikkje ei hindring.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar