fredag 30. oktober 2009

Elevvurdering og måloppnåing

«Eleven skal kunne finne stoff til egne skrive- og arbeidsoppgaver på biblioteket og Internett» (LK06:45).


Sitatet er henta frå Kunnskapsløftet under kompetansemål i norskfaget etter 4. årstrinn. Ved hjelp av Bloom sin taksonomi vil eg prøve å dele opp dette kompetansemålet i delmål fra under middels til over middels måloppnåing.

Forståelse: Eleven må forstå oppgåva og vite korleis ein skal gå fram for å løyse den. (Dette blir under middels måloppnåing).


Kompetansemålet skal gi eleven sjølv moglegheit til å hente inn informasjon frå andre kjelder enn læreboka. Eleven må sjølv finne og velge kva stoff som skal brukas, jfr. Blooms kognitive nivå; analyse. (Dette blir middels måloppnåing).


Vurdering: Eleven må sjølv vurdere og avgjere kva kjelder eller stoff som skal brukast til å løyse oppgåva. (Dette blir over middels måloppnåing).

søndag 25. oktober 2009

Kva rolle har læraren?

Eg meiner at læraren må ha ei god haldning til IKT for å kunne bruke og formidle IKT på ein god måte i undervisninga. Sidan IKT har ein stor rolle i LK06 og er ein grunnleggande ferdigheit, har læraren nødt til å ha gode haldningar for å kunne gi god og variert undervisning. Skuleleiinga bør også bidra til betre moglegheiter for bruk av IKT også utanfor skulen på ein slik måte at læraren kan samarbeide med andre utanfor skulen utan at dette skapar hindringar. Skulen skal tilpasse seg elevane og samfunnet og da er det viktig at skulen gjer dette på alle område, også innan IKT. Om nokon av foreldra har kompetanse eller tilgjengelege ressursar som kan nyttast i undervisninga kan læraren nytte dette tilbodet. Samarbeidet mellom heim og skule er viktig for å oppnå betre og meir samfunnsorientert undervisning.

søndag 18. oktober 2009

Ein digital skule

For å kunne oppnå ein digital skule, er det viktig å sjå på dei ulike delane som er med på å skape ein digital skule og ein digital kvardag. Kompetansehjulet til Søby illustrerer grunnleggande faktorar som må til for å kunne drive digital opplæring. Vi ser at heilt frå 2003 er det gjort forsøk og satt mål for at eit tilstrekkeleg undervisningstilbod for skuleelevar innan IKT. I dag har vi framleis ikkje nådd desse måla og grunnane til dette trur eg er mange. Eg trur at vi ut frå Søby sin modell om kompetanse kan trekke parallellar til denne seine utviklinga. Ein treng god nok infrastruktur, læringsressursar og lærarkompetanse til å kunne implementere digitale verktøy på ein god måte i undervisninga. Eg trur at for å komme lengre eller få bedre bruk av IKT i skulen, trengst det fleire læringsressursar og kjennskap til at ressursane er klar til å brukast.

Digital kompetanse og danning

Det er ikkje lett å skilje mellom digital kompetanse og digital danning.
Søby, Erstad, Krumsvik og Baltzersen nyttar like beskrivelsar av omgrepet digital kompetanse. Eg meiner at digital kompetanse er born og unge sin kompetanse til å kunne sjå moglegheiter, vere kritisk og reflektere rundt digitale hjelpemiddel. Digital danning er meir eit større omgrep som tek føre seg korleis digital kompetanse kan bidra til at eleven kan nytte denne kompetansen i samfunnet og sjå samfunnet sitt behov for digital kompetanse.

fredag 16. oktober 2009

Kommentar til bilete

















Her er eit bilete eg sjølv har tatt.
Motivet her er fjellblomster, som står i kontrast til bakgrunnen. Solnedgangen med sola og fjella i bakgrunnen følg "tredjedelsregelen", som er med på å forsterke motivet. Konstrasten fra omrisset rundt blomstrane, gjenspeglar også bakgrunnen. Det mørke området nederst i bilete er også innan "tredjedelsregelen".

søndag 11. oktober 2009

Ungdom sin mediekultur

«Dersom skulen for det første framleis har skrifta og boka som fremste kulturelle objekt for læring, sjølv om visuelle medier har tatt over mykje av barne- og ungdomskulturen rundt skulen, og for det andre nyttar PC-en knytt til avgrensa område og spesifikke verdiar knytt til skriftskulturen, blir neste spørsmålet kven sin mediekultur som blir akseptert i skulen.

Tenk gjennom korleis dette er på din skule og i ditt kollegium. Opnar ein for å trekkje elevane sin mediekultur inn i undervisninga? På kva måtar? Kva sett grenser for å få til dette?» (Øvingsoppgåve 2, DKL103, mediedidaktikk)


For å svare på dette må ein først kunne definere kva som er meint med ungdom sin mediekultur, ungdom sin bruk av media? Ungdom nyttar film - skulen nyttar film. Ungdom nyttar internett - skulen nyttar internett. Ungdom nyttar filmtilbod på internett (youtube) - skulen gjer ofte det same. Ungdom nyttar tekstverktøy til kommunikasjon - skulen gjer det same. Om skulen har skrifta som fremste kulturelle objekt blir dette mogleg å kombinere med IKT.

Bruk av skriftforming og vanlege skulebøker vert også avgrensa og knytt til spesifikke verdiar opp mot innhaldet, arbeidsmåtar og kva som skal formidlast. Om ein ser på IKT som eit avgrensa arbeidsverktøy, er høgtlesing og andre «gamle» arbeidsmåtar like avgrensa med tanke på eleven sitt utbytte og allmenndanning. På skulen der eg jobbar vert IKT nytta i dei fleste fag, og ut frå definisjonen av omgrepet mediekultur, vil eg seie at skulen er med på å trekke linjer frå ungdom sin mediebruk eller mediekultur i fritida over til læringssituasjonar.


Musikkfaget, kreativt og kritisk

Innan hovudområda i musikkfaget er musisering, komponering og lytting grunnleggjande hovudområde (LK06:138).

Musisering har musikkoppleving som hovudområde, komponere har musikalsk skaping som hovudområde og lytting har refleksjon som hovudområde. Alle desse elementa skal bidra til at eleven får innsyn i dei mest sentrale områda i musikken og gje eleven musikalsk danning. Om eg ser overordna på desse delane, har musikkfaget både kritisk og kreativt fokus. Det kreative fokuset kjem best fram i musisering og komponering, der elevane sjølv får skape eller framføre anten eigenprodusert materiale eller andre sitt materiale. Her er arbeid med «loops» på ein PC ein måte å kunne bruke digitale verktøy for å oppnå effektiv læring. Området lytting har eit litt anna fokus.


«Et samfunn med overflod av lyd og musikk krever musikalsk skjønn og vurderingsevne hos den som lytter.» (LK06:138).


Her blir det nemnd vurderingsevne og musikalsk skjønn. Dette er noko som fell under kritisk fokus, der eleven får innspel som skal tolkast og vurderast. Musikk i samfunnet, samfunnet sine normer og reglar, samt bodskap gjennom media.


Her kan ein ikkje seie anten eller, men både og. Musikkfaget skal bidra til at elevane vert danna og kunne vurdere og bidra både kritisk og kreativt.