Viser innlegg med etiketten mediedidaktikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mediedidaktikk. Vis alle innlegg

søndag 11. oktober 2009

Ungdom sin mediekultur

«Dersom skulen for det første framleis har skrifta og boka som fremste kulturelle objekt for læring, sjølv om visuelle medier har tatt over mykje av barne- og ungdomskulturen rundt skulen, og for det andre nyttar PC-en knytt til avgrensa område og spesifikke verdiar knytt til skriftskulturen, blir neste spørsmålet kven sin mediekultur som blir akseptert i skulen.

Tenk gjennom korleis dette er på din skule og i ditt kollegium. Opnar ein for å trekkje elevane sin mediekultur inn i undervisninga? På kva måtar? Kva sett grenser for å få til dette?» (Øvingsoppgåve 2, DKL103, mediedidaktikk)


For å svare på dette må ein først kunne definere kva som er meint med ungdom sin mediekultur, ungdom sin bruk av media? Ungdom nyttar film - skulen nyttar film. Ungdom nyttar internett - skulen nyttar internett. Ungdom nyttar filmtilbod på internett (youtube) - skulen gjer ofte det same. Ungdom nyttar tekstverktøy til kommunikasjon - skulen gjer det same. Om skulen har skrifta som fremste kulturelle objekt blir dette mogleg å kombinere med IKT.

Bruk av skriftforming og vanlege skulebøker vert også avgrensa og knytt til spesifikke verdiar opp mot innhaldet, arbeidsmåtar og kva som skal formidlast. Om ein ser på IKT som eit avgrensa arbeidsverktøy, er høgtlesing og andre «gamle» arbeidsmåtar like avgrensa med tanke på eleven sitt utbytte og allmenndanning. På skulen der eg jobbar vert IKT nytta i dei fleste fag, og ut frå definisjonen av omgrepet mediekultur, vil eg seie at skulen er med på å trekke linjer frå ungdom sin mediebruk eller mediekultur i fritida over til læringssituasjonar.


Musikkfaget, kreativt og kritisk

Innan hovudområda i musikkfaget er musisering, komponering og lytting grunnleggjande hovudområde (LK06:138).

Musisering har musikkoppleving som hovudområde, komponere har musikalsk skaping som hovudområde og lytting har refleksjon som hovudområde. Alle desse elementa skal bidra til at eleven får innsyn i dei mest sentrale områda i musikken og gje eleven musikalsk danning. Om eg ser overordna på desse delane, har musikkfaget både kritisk og kreativt fokus. Det kreative fokuset kjem best fram i musisering og komponering, der elevane sjølv får skape eller framføre anten eigenprodusert materiale eller andre sitt materiale. Her er arbeid med «loops» på ein PC ein måte å kunne bruke digitale verktøy for å oppnå effektiv læring. Området lytting har eit litt anna fokus.


«Et samfunn med overflod av lyd og musikk krever musikalsk skjønn og vurderingsevne hos den som lytter.» (LK06:138).


Her blir det nemnd vurderingsevne og musikalsk skjønn. Dette er noko som fell under kritisk fokus, der eleven får innspel som skal tolkast og vurderast. Musikk i samfunnet, samfunnet sine normer og reglar, samt bodskap gjennom media.


Her kan ein ikkje seie anten eller, men både og. Musikkfaget skal bidra til at elevane vert danna og kunne vurdere og bidra både kritisk og kreativt.