Viser innlegg med etiketten vurdering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vurdering. Vis alle innlegg

lørdag 7. november 2009

Vurdering, kva og korleis?

Vurdering er eit område som varierer frå skule til skule. For å kunne vurdere digital kompetanse som basisferdigheit må ein også sjå på utgangspunktet for læring, korleis IKT vert brukt og lærarane sin bruk av digitale arbeidsmåtar. Om eg ser på satsingsområda til Halbrend skule, kjem læringsstrategi og fagutvikling fram. Å ha ein god læringsstrategi i faget er viktig, både med tanke på å ha ein plan og visjon for kva ein vil utvikle og korleis ein vil utvikle dette. Implementering av IKT i alle fag krev godt forarbeid og god kompetanse blandt lærarane og er grunnlaget for elevvurdering. For å kunne vurdere er det viktig å ha eit utgangspunkt og mål for kva ein skal vurdere sett i lys av undervisninga som er gitt. Digital kompetanse er ein grunnleggjande ferdigheit og skal ikkje vurderast som eit sjølvstendig område, men i lag med dei andre elementa i faget.

fredag 30. oktober 2009

Elevvurdering og måloppnåing

«Eleven skal kunne finne stoff til egne skrive- og arbeidsoppgaver på biblioteket og Internett» (LK06:45).


Sitatet er henta frå Kunnskapsløftet under kompetansemål i norskfaget etter 4. årstrinn. Ved hjelp av Bloom sin taksonomi vil eg prøve å dele opp dette kompetansemålet i delmål fra under middels til over middels måloppnåing.

Forståelse: Eleven må forstå oppgåva og vite korleis ein skal gå fram for å løyse den. (Dette blir under middels måloppnåing).


Kompetansemålet skal gi eleven sjølv moglegheit til å hente inn informasjon frå andre kjelder enn læreboka. Eleven må sjølv finne og velge kva stoff som skal brukas, jfr. Blooms kognitive nivå; analyse. (Dette blir middels måloppnåing).


Vurdering: Eleven må sjølv vurdere og avgjere kva kjelder eller stoff som skal brukast til å løyse oppgåva. (Dette blir over middels måloppnåing).