Viser innlegg med etiketten strategi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strategi. Vis alle innlegg

lørdag 7. november 2009

Vurdering, kva og korleis?

Vurdering er eit område som varierer frå skule til skule. For å kunne vurdere digital kompetanse som basisferdigheit må ein også sjå på utgangspunktet for læring, korleis IKT vert brukt og lærarane sin bruk av digitale arbeidsmåtar. Om eg ser på satsingsområda til Halbrend skule, kjem læringsstrategi og fagutvikling fram. Å ha ein god læringsstrategi i faget er viktig, både med tanke på å ha ein plan og visjon for kva ein vil utvikle og korleis ein vil utvikle dette. Implementering av IKT i alle fag krev godt forarbeid og god kompetanse blandt lærarane og er grunnlaget for elevvurdering. For å kunne vurdere er det viktig å ha eit utgangspunkt og mål for kva ein skal vurdere sett i lys av undervisninga som er gitt. Digital kompetanse er ein grunnleggjande ferdigheit og skal ikkje vurderast som eit sjølvstendig område, men i lag med dei andre elementa i faget.

fredag 30. oktober 2009

Elevvurdering og måloppnåing

«Eleven skal kunne finne stoff til egne skrive- og arbeidsoppgaver på biblioteket og Internett» (LK06:45).


Sitatet er henta frå Kunnskapsløftet under kompetansemål i norskfaget etter 4. årstrinn. Ved hjelp av Bloom sin taksonomi vil eg prøve å dele opp dette kompetansemålet i delmål fra under middels til over middels måloppnåing.

Forståelse: Eleven må forstå oppgåva og vite korleis ein skal gå fram for å løyse den. (Dette blir under middels måloppnåing).


Kompetansemålet skal gi eleven sjølv moglegheit til å hente inn informasjon frå andre kjelder enn læreboka. Eleven må sjølv finne og velge kva stoff som skal brukas, jfr. Blooms kognitive nivå; analyse. (Dette blir middels måloppnåing).


Vurdering: Eleven må sjølv vurdere og avgjere kva kjelder eller stoff som skal brukast til å løyse oppgåva. (Dette blir over middels måloppnåing).

søndag 25. oktober 2009

Kva rolle har læraren?

Eg meiner at læraren må ha ei god haldning til IKT for å kunne bruke og formidle IKT på ein god måte i undervisninga. Sidan IKT har ein stor rolle i LK06 og er ein grunnleggande ferdigheit, har læraren nødt til å ha gode haldningar for å kunne gi god og variert undervisning. Skuleleiinga bør også bidra til betre moglegheiter for bruk av IKT også utanfor skulen på ein slik måte at læraren kan samarbeide med andre utanfor skulen utan at dette skapar hindringar. Skulen skal tilpasse seg elevane og samfunnet og da er det viktig at skulen gjer dette på alle område, også innan IKT. Om nokon av foreldra har kompetanse eller tilgjengelege ressursar som kan nyttast i undervisninga kan læraren nytte dette tilbodet. Samarbeidet mellom heim og skule er viktig for å oppnå betre og meir samfunnsorientert undervisning.

søndag 18. oktober 2009

Digital kompetanse og danning

Det er ikkje lett å skilje mellom digital kompetanse og digital danning.
Søby, Erstad, Krumsvik og Baltzersen nyttar like beskrivelsar av omgrepet digital kompetanse. Eg meiner at digital kompetanse er born og unge sin kompetanse til å kunne sjå moglegheiter, vere kritisk og reflektere rundt digitale hjelpemiddel. Digital danning er meir eit større omgrep som tek føre seg korleis digital kompetanse kan bidra til at eleven kan nytte denne kompetansen i samfunnet og sjå samfunnet sitt behov for digital kompetanse.