Viser innlegg med etiketten tekst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tekst. Vis alle innlegg

søndag 4. oktober 2009

Mitt eller ditt?

«Gå på datarommet og finn ut alt som er å oppdrive om piratkopiering og skriv eit samandrag»


Ei slik oppgåve kan gje elevar i 9. klasse motivasjon til å jobbe i norsktimen. Etter eiga erfaring resulterer dette i at 24 elevar stormar til nærmaste datamaskin, skriv inn www.wikipedia.no, søker på «piratkopiering», markerer store delar av sida, kopierer - lim inn.


«Illegal kopiering er kopiering ... uten tillatelse fra rettighetshaver.» (Wikipedia)


Internett er ei informasjonskjelde som ofte blir brukt i ungdomsskulen i samanheng med gruppearbeid. Elevane får nytte internett til å hente informasjon og veit ikkje heilt korleis dei skal behandle denne informasjonen på riktig måte. Kven dette er si skuld er det ingen tvil i, læraren?

Kopiering av tekst på internett har òg ein parallell til kopiering av musikk utan tillatelse. Samfunnet sett sine «reglar» for kva som er lov å ikkje, noko som ofte elevane tek til seg. Læraren kan fortelje elevane kva reglar dei må halde seg til om dei brukar tekst frå internett, men i like stor grad etikk som grunnlag for denne forståinga. Oppgåva som elevane fekk i dette tilfellet kan kanskje vere ein «vekkar» for nokon, mens den seier lite for andre.


Læringsressursar på internett

Læringsressursar som er tilgjengelig på internett vert ofte brukt for å inkludere den femte grunnleggande ferdigheit i undervisninga. Nokre vert bare brukt for å kunne fylle ut eit tomrom, medan andre kan gje godt fagleg utbytte.

Etter eiga erfaring er Multi ein aktuell ressurs for innlæring av matematikk ved bruk av datamaskin. Denne nettstaden er tilgjengeleg frå Gyldendal sine nettsider: http://www.gyldendal.no/multi/


Denne nettstaden vil gje eleven moglegheit for interaktivitet som ikkje lærebøkene klarar i same grad. Etter mi meining kan slike læringsressursar reknast gode om dei kan tilføre noko nytt og lærerikt for eleven. Om sida inneheld omtrent det same som ei vanleg reknebok på barnetrinnet, er nytta av denne ressursen meir avgrensa. Multi inneheld fleire typar interaktivitet og multimedialitet ved hjelp av bilete og at eleven sjølv får bestemme kva han/ho vil halde på med og korleis. Etter mi meining er dette ei god nettside som vil gje dei fleste fagleg utbytte.


Ein annan nettstad ein kan drøfte med tanke på utbytte er sidene til Tellus, tilgjengeleg frå:

http://www.lokus123.no/?marketplaceId=1892264&languageId=1&siteNodeId=8400887


Denne sida er meir basert på video og mindre på interaktivitet, noko som ikkje nødvendigvis vil vere negativt. Sidan Tellus er laga for ungdomsskuleelevar kan denne ressursen fungere som eit supplement til den vanlege arbeidsboka. Kor mykje som er verdt å hente frå desse sidene kan diskuterast, men video er ein alternativ læringsmetode og kan fungere bedre enn boka for enkelte.


Det siste eksempelet eg vil trekke fram er Flight, tilgjengeleg frå:

http://newflight.cappelendamm.no/


Desse sidene er prega av multimedialitet gjennom bilete og lyd. Lyd eller uttale er viktige element i engelsk på ungdomstrinnet og denne nettsida er etter mi meining veldig aktuell i undervisninga.


Eg meiner at skal ein nytte slike ressursar i undervisninga må ein stille seg kritisk til utbyttet. Nokon læreverk er betre enn andre, også på internett.