mandag 5. april 2010

Internett som kjelde?

Internett utgjer ein stor ressurs i samfunnet. Kommunikasjon og samspel er viktige faktorar for at samfunnet skal fungere. Gjennom søkemotorar på nettet blir det presentert relevante resultar ut frå kva vi vil finne informasjon om. Google som er ein av dei største søkemotorane på internett, er etter mi erfaring den søkemotoren elevane bruker mest i undervisningssamanheng. Spørsmålet blir korleis nytte internett til informasjonssøk?
Nokon hevdar at når det står noko på internett så er det sant..
Dette er ein påstand som ikkje bra nok, hvertfall ikkje med tanke på relevante kjelder. Sidan informasjonen som er tilgjengeleg på internett stadig er i endring, vert oppdatert, fjerna, publisert på nytt, og til og med forandra av tilfeldige deltakarar (wiki) er det ikkje enkelt å sortere kva informasjon som kan leggast som fakta. Dette området har nær relevans med ungdom og nettvett, og personvern. Dette kan vere eit område som skulen kan bidra med nyttig informasjon som kan gi kompetanse. Også spenninga mellom skulekultur og fritidskultur er viktig i tolkinga rundt kva ein kan bruke av informasjon og kva som er meir tvilsamt. Skulen bør derfor fokusere på å gi elevane mediekompetanse slik at dei kan møte internett på ein måte som gjer at dei kritisk kan plukke ut den informasjonen dei meinar er relevant og truverdig.

Informasjon - Her, der og overalt

Dagens teknologi gjer det slik at vi har endelaus tilgang på nyheiter frå alle kantar. Dette gjer slik at ein må velge kva nyheiter ein vil ha.

Eg har laga ei Netvibe-side der eg mellom anna nyttar RSS-feed, og andre småprogram. På ei slik side kan ein få tilgang til mykje informasjon på ein gong.

Sida er tilgjengeleg på:

http://www.netvibes.com/trondhavnsund/


Ein slik tjeneste er nyttig om ein har mange ting å forholde seg til. Sida tilbyr tilgong til sosiale medier som youtube og twitter, og kan gi deg RSS-straum slik at du vert oppdatert etterkvart som det kjem noko nytt. Tjenestene kan også organiserast slik at det gir enkel tilgang.

Læring og kultur

Undom sin mediebruk aukar spesielt med tanke på bruk av internett. Det vert brukt meir tid på internett og sosiale media tilgjengelig på internett. YouTube (http://www.youtube.com/) er ein tjeneste som blir nytta ofte av barn og unge.
Vygotsky peikar på i sin speglingsteori at barn lærer av kvarandre (more competent peers). Dette gjeld også påverknad frå internett som sosiale nettstadar som facebook, nettby eller tidligare nevnt youtube. Å kunne bruke slike sosiale nettstader har blitt ein viktig del i elevane sin kultur og ein måte å lære på, eller interaksjon gjennom digitale medier. Ungdom sin mediebruk handlar om å finne sin identitet, og som Kristin Halvorsen uttrykker gjennom denne artikkelen (http://www.aftenposten.no/nyheter/article3505925.ece) påpeikar ho at det er ei barriere mellom det ungdom oppfattar som skulekultur og fritidskultur. Grensene mellom desse to kulturane kan bli meir samansmelta om ein tek i bruk elevane sin fritidskultur i undervisninga, da med tanke på sosiale media. Elevane sin forventning til skulen er at dei skal lære noko nyttig, noko som dei får bruk for seinare i livet. I dagens digitaliserte samfunn kan det vere at skulen skal lære opp barn til jobbar som enda ikkje eksisterar, men som gradvis vil utgjere ein viktig del av samfunnet. Dette kan vere eit argument for at skulen ikkje bør holde tilbake på utviklinga og skape eit spenningsforhold mellom kulturar, men heller åpne for eit fellesskap for læring.

Google nettstad

Eg har forsøkt å lage ein Google nettstad for bruk i undervisning som verktøy for arbeid med pedagogisk tekst.

Sida kan du finne her:

http://sites.google.com/site/trondhavnsund/

Eg har tatt utgangspunkt i ein mal for å bygge opp sida, og har ut frå dette prøvd ut litt forskjellige funksjonar og verktøy som sida har å by på.

Sida er ikkje redigert mykje frå den opprinnelege malen, men funksjonane er utprøvd.
Mitt inntrykk frå desse sidene er at det er veldig enkelt å lage ein nettstad for bruk i undervisning. Sida tilbyr også RSS-feed slik at ein kan abonnere og få beskjed når det skjer ei endring eller ein ny artikkel vert publisert. Dette gjer at Google nettstad egnar seg godt til prosjektarbeid i skulen, der læraren eller elevane kan opprette ein nettstad og nyheiter og oppgåver blir publisert gjennom denne nettstaden.
Dette kan også nyttast til å oppnå eit nærmare band mellom skulekulturen og elevane sin fritidskultur.

onsdag 3. februar 2010

Lydproduksjon som pedagogisk verktøy

Lydproduksjon er ein fin måte å jobbe med media i skulen. Podcasting er ein måte å gjere dette på.
Eg har laga eit eksempel på ein radiokanal (podcast) ved hjelp av Gabcast. Å publisere eigenkomponert materiale er ein måte elevane kan jobbe med digitale medier i skulen.


Her er eksempelet:

Gabcast! Tronds testkanal #1 - Trond går på DKL ftw

Tronds DKL kanal

Musikk som språk, komponering

Eit av hovudmåla i musikkfaget er at elevane skal få moglegheita til å eksperimentere med lyd gjennom komposisjon. Elevane skal mellom anna få prøve enkel lydredigering og kjenne til korleis dette fungerar.

Det fins to måtar å arbeide med digital musikkredigering i undervisninga. Den eine er arbeid på sjølve PCen gjennom eit program (internt), eller gjennom ein nettbasert tjeneste/program (eksternt).

Eg vil kommentere nettjenesten "Myna", som opnar for lydredigering, samansetjing av loops og komponering i nettlesaren.
Eg er sjølv musikklærer og har tidligare nytta eit vanlig lydprogram for komponeringsbiten i musikkfaget. Elevane kan ikkje delta samtidig om dette ikkje er installert på fleire datamaskiner. Sidan Myna er eit alternativ på internett har eg sett på kva ein kan bruke dette programmet til. Elevane treng bare grunnleggende verktøy i arbeidet og det ser ut til at programmet oppfyller dette kriteriet. Programmet opnar seg direkte i nettlesaren (etter registrering). Lydverktøyet kan arrangere loops, ta opp lyd, bruke dynamikk, legge til lydeffektar (klang), og panorere (stereoeffekt). Dette er grunnleggende område som eg ser dekker behova for elevar i grunnskulen.
Eg trur dette verktøyet kan hjelpe til å oppfylle ein god del av kompetansemåla under komponering i musikkfaget, både med produksjon, bearbeiding til presentasjon. Mange musikklærarar vil kunne tilføre noko meir om dei nyttar dette verktøyet målretta undervisninga.



Link til sida: http://aviary.com/

søndag 24. januar 2010

Øvingsoppgave for medieproduksjon, prosjekt

Eg vil no vise korleis ein kan legge opp eit prosjektarbeid innan medieproduksjon.

Som tema har eg tenkt produksjon av video (med lyd) for å fremme verkemiddel i media. Til dette tenker eg produksjon av video der ein nytter fleire effektar mm. for å få fram bodskapet på ein mest mulig effektiv måte. Elevane skal altså produsere eit mediaprodukt ved hjelp av video.

Problemstilling: «Korleis kan video brukast for å få fram eit skjult bodskap?»

Målet for oppgaven er at elevane skal bli bevisst og kritisk til bruk av denne forma for media. Mediedanning er her eit viktig stikkord. Produktet skal vere ein elevprodusert video der ein får fram korleis noko kan formidlast gjennom video. Kriterier for måloppnåing ser eg som:
Kjenne til video som mediauttrykk
Vite kva som skal til for å lage/produsere video
Ha tankar om kvifor video er ein effektiv form for formidling
Kunne bruke effektar, klipp & lim, dynamikk, lyd og musikk i video
Mestre grunnleggende digital videoredigering
Begrunne val innan produksjonen

Eg starta med å finne tema for oppgåva og deretter problemstilling ut fra tema. Ut fra temaet fann eg et emne som er aktuelt å jobbe med knytt til temaet, mtp. bodskap og verkemiddel. Vurderingskriterier er valt ut fra det eg meiner er relevante områder innan videoredigering og kunnskap til mediakulturen i samfunnet.